30. juni 2005

Kveldstur, Nord-Karmøy

Var ute og høyrte etter nattsongarar i går på strekninga Hindaråker-Skeie. Høyrte muligens myrriksa ved Fiskåvatnet

27. juni 2005

Kjapp jærtur

Høgst truleg kryssa vi gulnebblom på Sola-/Regestranda (Sola). Nokre raudnebbterner sat endeleg stille og nær nok til at dei kunne skiljast frå makrellternene. Staselege toppdykkarar på Harvalandsvatnet.

23. juni 2005

Nattsongar

Grashoppesongaren gav lyd frå seg ved Fiskåvatnet seint i går kveld, men var ikkje til å få auge på.

14. juni 2005

Madonna med stillits

I forgårs var vi i Uffizi-galleriet i Firenze og såg Madonna med stillits av Rafael. Utan fuglebok og kikert er stillitsen mykje godt den einaste arten vi har klart å identifisere i Italia. På veg austover til flyplassen fekk vi likevel med oss storlom på Flåvatnet (Nome i Telemark).