29. mars 2006

Linerle

Ei einsleg linerle i regnet på Åkrasanden. Ein del vadarar mellom steinvendarane; ikkje godt å seie utan kikert, men eg meinar det må ha vore sandloar og myrsniper.

25. mars 2006

Songlerke

Songlerke på Ferkingstad, gravand på Stava- og Åkrasanden.

Onsdag saumfor me Mølstrevåg utan å finne isfuglen som vart observert der tysdag.

Havørntrojka over Hodnafjellet måndag.

19. mars 2006

Vipe

Vipe på Bø nord på Karmøy i går og i dag.

Tre dvergdukkarar i Stålevågen på fredag.

15. mars 2006

Tjeld

Ni rastande snøsporvar møtte oss på Fjellstøl etter ein strålande dag i kvisteløypa i Olalia. Årets fyrste trekkande vadar vart også ein vindafjording: ein einsleg tjeld i Ølensvåg.

Snøsporvane var også på plass dagen etter.

13. mars 2006

Bjørkefink

Bjørkefink og dompap (3M + 1F) langs Kvalaelva; rugde i på Kattanakk, havørn i byheia.

12. mars 2006

Kvalaelva

Livleg langs Kvalaelva i dag; mellom anna eit lite dompap-fylgje, stjertmeis og ei vassrikse som lista seg langs elvekanten.

11. mars 2006

Solastranda

Elisabeth har turnert musikkonservatoria i Rogaland og Agder denne veka, og på vegen rakk vi eit par turar på Solastranda: Vintererle (nytt kryss for meg, årskryss for E.), snøsporv, ringdue, brunnakke, krikkand, islom og horndukkar.

6. mars 2006

Bekkasin

Enkeltbekkasin ved Kvala-elva, eit par havørner krinsa over området ei kort tid og forsvann. Rugde i Lothe-parken?